Kva krev ein «grøn New Deal»?

Finanskrisa har utløyst draumen om ein «grøn New Deal». Men er regjeringane førebudd på det ein slik økonomisk politikk vil innebere? På å erstatte det hundreårgamle vekstimperativet med ei berekraftig vekstavvikling? På å løyse dei sosiale problema som er tett knytte til den liberale økonomien sin føresetnad om endelaus auke i energibruk?

mai 2009

I løpet av dei seinaste månadene har ideen om ein «grøn New Deal» blitt stadig meir populær blant politikarar over heile verda. Som ein reaksjon på finanskrisa har dei store kapitalistiske landa, til liks med dei framveksande økonomiane i Asia, tydd til ulike tiltak for å unngå resesjon og skape nytt liv i økonomien. Til dømes har amerikanske og kinesiske styresmakter bestemt seg for å investere i betring av infrastruktur og fornybar energi. Det er likevel grunn til å vere på vakt når ein skal vurdere dei miljømessige og sosiale vinstane ved desse tiltaka.

Sjølv om vi er vitne til udiskutable politiske endringar samanlikna med nyliberalismen som har rådd grunnen i nokre tiår, står det att å finne ut om omgrepet «grøn New Deal» verkeleg er dekkjande for den nye politikken. Uttrykket er tatt i bruk før det har blitt klart definert. Det er difor på høg tid å sjå kritisk på det. (…)

Bli abonnent og få tilgang til alle våre artikler, eller / logg inn med Vipps.

Tre måneder med Le Monde
diplomatique for 99 kroner!

Papiravis og full digital tilgang


Fornyes til 199,- per kvartal