I midten av september i fjor var det nyopning av gamle Folkets Hus i Sauda. Med stor dugnadsinnsats og med dyktige fagfolk i spissen hadde bygget fått tilbake si opphavlege form frå 1930-åra. Samtidig hadde eit nytt tilbygg auka bruksverdien og gjorde «arbeidarklassens katedral» om til eit moderne og anvendeleg kulturhus. Opningsforestillinga blei gjentatt fire gonger i Store Sal, slik at til saman 1500 menneske av eit samla innbyggartal på 4500 fekk oppleva det same programmet. Barnekor, blanda kor, trekkspelklubb, revy og teaterlaget gjekk på scenen. Scenograf Ola E. Bø var ein ledig programvert, soulsongaren Grethe Svendsen og Reidar Brendeland frå bandet Vestlandsfanden viste showmanship, sjølv framførte eg ein nyskriven tekst off beat og off rhyme. For meg var den største opplevinga då skiftelektrikaren og fagforeningsmannen Ingve Handeland til tonefølge av Trekkspelklubben song «Stå med glans», med min tekst til Evert Taubes «Dansen på Sunnanö».
Med øving og forestillingar varte opningsarrangementet ei heil veke. Eg fekk suite på toppen av det stadig meir veldrivne Kløver Hotell, med utsyn over elva mot min gamle arbeidsplass på smelteverket, der det franske firmaet Eramet dei siste par tiåra har vore ein vel ansett eigar. Med ti minuttar på scenen kvar kveld hadde eg god tid både til å sjå bort på det automatiserte arbeidslivet av i dag, til å driva friluftsliv, til å driva dank, og til lesing. Like før eg drog frå Oslo hadde den alltid like vennlege og entusiastiske forlagsredaktør Asbjørn Øverås sendt meg ei bok han ikkje var sikker på at eg kom til å lika, men som han med god grunn trudde ville interessera meg. Boka heitte Hjem til Reims og var skriven av den franske sosiologen Didier Eribon.
Kategoriane i politikken
Boka frå 2009 er eit pionerverk i ein litterær subsjanger som blant anna omfattar bøker av franskmannen Édouard Louis og nordamerikanaren J. D. Vance. Bøkene til Louis er godt kjende i Norge, også Vances Hillbilly Elegy kom på norsk i 2016 under tittelen Hillbillyens klagesang. Medan Louis er eit litterært talent i stor utvikling, er Vance ein investor og venture capitalist som har skrive ei djupt sentimentalisert og litterært verdilaust nyliberalt programskrift i memoarform. Hillbillyens klagesang er ei bok som manglar begrep om politisk økonomi, om samhald og samarbeid, som «sel billige stereotypiar», feirar individuell frigjering og dyrkar medfølande konservatisme.1Slik er den omtalt etter forteneste, til dømes av Nancy Isenberg, «Left Behind», New York Review of Books, juni–juli 2018; Maggie Doherty, «Get a Brazilian», London Review of Books, 13. septemper 2018. I Oslo-avisa Dagbladet fekk dette reaksjonære kampskriftet beste skussmål og seks på terningen. Sjå også Elizabeth Catte, What You Are Getting Wrong About Appalachia, Cleveland, Ohio 2018. Derimot ser det ut til at Édouard Louis kjem på stadig betre tankar og nå kan røpa at han eigentleg aldri har sagt farvel til Eddy Belleguele, det vil seia arbeidarklasserøtene sine i den nordfranske småbyen Hallencourt, som tittelen på debutboka hans proklamerer. Men politikk er framleis ei familiesak: «Kvar einaste person som fornærmar ein gul vest, fornærmar også far min», heiter det i dag.2Édouard Louis, «Chaque personne qui insultait un gilet jaune insultait mon père», Les Inrockuptibles, Paris, 4. desember 2018.
Tre måneder med Le Monde
diplomatique for 99 kroner!
Papiravis og full digital tilgang
Fornyes til 199,- per kvartal
Eribon, Vance og Louis er tre svært ulike forfattarar, men har like fullt fleire ting felles. Dei skriv om seg sjølve, dei har blitt hylla av den norske kritikken, dei har blitt bestseljarar, og dei har blitt det ikkje minst fordi dei har ropt høgt og tydeleg farvel til arbeidarklassen. På kvar sitt vis innfrir dette farvellet djupe fordommar i kulturborgarskapet. Louis og Vance hadde eg lese før, i jubileumsveka for Folkets Hus på den gamle heimstaden min hadde eg god tid til å fordjupa meg i Eribons «Heim til Reims» (som ville vore den perfekte norske tittelen).
I eit personleg språk tettpakka med litterære referansar fortel forfattaren om ei intellektuell reise frå arbeidarmiljø i den store provinsbyen Reims til akademiske krinsar i Paris. Han forlet familien, som han gjer til eit avgjerande negativt peilepunkt for å gjenskapa seg sjølv som intellektuell. Ingen ting skal binda han til arbeidarmiljøet, til den «arbeidermiseren» han kom frå. Blant dei pariserintellektuelle prøver han som best han kan å skjula «den sosiale skammen» ved å lyga om klassebakgrunnen sin. Med homofil legning finn han det enklare å skriva om det han kallar den seksuelle enn den sosiale skamma. For den seksuelle legninga finn han stor forståing i sitt nye miljø, medan «det blir problematisk, og nesten ikke finner støtte i noen av den offentlige samtalens kategorier, når det dreier seg om en sosial bakgrunn fra de lavere klasser».
Med dette seier Eribon at det å røra ved den seksuelle skamma ikkje endrar maktforholda i samfunnet like radikalt som når kategoriane i den offentlege samtalen utfordrar grunnlaget for den sosiale skamma. For mange var det eit vakkert syn og ein flott gest då Det kvite huset i Washington blei opplyst av regnbogefargane, og for ein kveld omskapt til Obamas Rainbow White House. Men gjer det noko med kategoriane i politikken som blir bestemt bak den fargeglade fasaden?
Nærleiken til kroppsarbeidet
Mot denne bakgrunnen vil eg gjerne bidra med nokre enkle kategoriar til den offentlege samtalen om å komma frå «lavklassene», som hans norske omsettar kallar det. I første omgang blir det viktig å dempa det evinnelege gnålet om «klassereise», som namn på ein himmelfart der borgarskapet blir forherliga som reisas og tilværets høgaste mål og meining, og der innlemming i kulturborgarskapet er å bli forfremma til herligheten, som det heiter i Frelsesarmeen. Vi som har vore både her og der, veit at vit og forstand er likeleg fordelt på den sosiale skalaen, og at gleda over kunst og litteratur ofte er størst utanfor dei akademiske lesekrinsane (som ofte les mykje mindre enn ein skulle tru).
For å dekonstruera den sentimentale talefiguren om klassereisa vil det – særleg for franskmenn – vera ein god start å gjera opp med den blinde dyrkinga av fattigdommen i språket til romanforfattaren Marcel Proust, eit litterært forbilde som manglar ord og omgrep for forandring, for samarbeid, kollektiv, historie, politikk og solidaritet. Den tapte tida i romanverket hans står på ein merkeleg måte stille, frå første setning til siste slutt, frå 1870 til etter første verdskrigen. For Proust var tida eit slags eksistensielt skråplan mot forfall og død, og historia mest romantiske førestillingar om middelalder og renessanse, med lite eller ingenting å seia for hans eiga samtid.3Perry Anderson, «Different Speeds, Same Furies», London Review of Books, 19. juli 2018, og «Time Unfolded», London Review of Books, 2. august 2018.
Om ein for ei tid gløymer klassereisa og ser bort frå Proust, blir det straks lettare å frigjera seg frå reaksjonære metaforar om oppstiging frå «folkedypet» og «lavklassene». Til skilnad frå Frankrike gjer den unike norske språksituasjonen, der norsk er eit språk som kan skrivast på to måtar, begge med rike litterære tradisjonar, der den eine bygger på rikdommen i dialektmangfaldet, at det ikkje er skamfullt å komma til dømes frå stader som Reims, men der vi tvert om og med fordel kan tala dialekt og bruka folkemålet skriftleg i alle samanhengar.
Medan akademikaren Eribon fritt kan leva ut den seksuelle legninga si i hovudstaden, er han samtidig så kua at han vaktar kvart ord han seier, for at ikkje feil uttale skal røpa kor han kjem frå. Med andre ord er det lettare å komma ut av det seksuelle skapet enn å sleppa katta ut av den sosiale sekken. Inni han kokar det likevel, når han høyrer at folk viser det franskmennene kallar «prolofobi» og snakkar foraktfullt og uforskamma om folk frå lågare klassar. Sjølv har han alltid tenkt på seg sjølv som ein homofil gut og tenåring, «ikke en arbeidersønn. Men så var det likevel det jeg var». Og som om ikkje den sosiale avstanden skulle vera nok, gjer den geografiske distansen mellom Reims og Paris arbeidarbakgrunnen dobbelt skammeleg.
I skildringa av foreldra går det fram at forfattaren hatar far og elskar mor. Begge har hatt draumar om vidare utdanning, mor i teoretisk retning, medan far ville bli teknisk teiknar. Faren var stolt av manuelt arbeid og steig i gradene til fagarbeidar og formann på fabrikken. I oppveksten til Eribon spelar kommunistpartiet ei stor rolle sosialt, elles har alle spor etter fagforeningar og organisering nedanfrå blitt borte.
Når nærleiken til kroppsarbeidet fyller Eribon med skam, kan det vera på sin plass å minna om at Norge er eit land der nokre av dei viktigaste statsmennene i det forrige hundreåret var jernbanemann, vegarbeidar, elektrikar, taktekkar, revisor, og at ingen av dei hadde gått på eliteskular eller var i nærleiken av akademiske grader. Norge er eit land der fagorganisering og kollektive avtalar framleis står sterkt i arbeidslivet. Omsett til franske forhold ville ein snekker frå Reims kunna bli statsminister med ein butikkmedarbeidar frå Hallencourt som kulturminister, medan begge to uanstrengt heldt fram med å bruka kvar sin dialekt i embetet.
Intellektuell underkastelse
Vesle Didier får ikkje berre avsmak på kroppsarbeidet, men alt i livet til foreldra. Når dei snakkar saman, er det «med all den språklige oppfinnsomheten som hørte med i datidens folkelige ordgyteri, og som finner sitt motstykke i forstadsungdommens slangspråk». Rikdommen og styrken i folkespråket er denne landsmannen til Rabelais døv for. I staden grøssar Eribon over «den verbale råskapen fra folkedypet» og set til og med ordet «kar» i hermeteikn, som noko suspekt. I tråd med eiga sjølvinnsikt er han sjølv eit «mirakel», som har lært uttrykksmåtar han meiner er for komplekse for arbeidarmiljøet. For sitt berre liv kan han ikkje forstå at intellektuelle kan finna glede i praktisk arbeid og i sport.
For å tre inn i ein ny sosial verden er det å verdsetta kunst noko ein må læra seg. «Jeg har lært det.» Eit praktfullt eksempel på tileigning av dette åndssnobberiet leverer Eribon når han skriv om at familien «selvfølgelig» aldri hadde råd til å dra på ferie: «Reisene våre begrenset seg til dagsturer til en av byene i nærheten: Nancy, Laon, Charleville … Det hendte vi kjørte over grensen til Belgia – like etter passeringen var det en by som het Bouillon (et navn vi lærte oss å sette i sammanheng med Godefroy de Bouillon og korstogene, men som jeg nå for tiden heller assosierer med Francesco Cilèas opera Adriana Lecouvreur og den storslagne og grusomme skikkelsen til prinsessen av Bouillon.)»
Sjølv om Eribon når så langt inn i den borgarlege danninga at han ikkje reiser på ferie til ein by, men til ein opera, hudflettar han samtidig holdningane han møter der, ikkje minst «den pregløse og glansløse prosaen til denne overflatiske og belærende professoren», ved namn Raymond Aron. Slik sett ser den «høgverdige kulturen» mest ut som eit påskot for å ta seg sjølv høgtideleg. Utdanningssystemet er ein del av det «ideologiske statsapparatet», ein «djevelsk maskin» som avviser borna frå «lavklassene». Likevel er det denne maskinen Eribon går inn i med hud og hår: «Å gjøre motstand var å bli fortapt. Å underkaste meg var å bli reddet.» Ikkje utan grunn har Michel Houellebecqs roman frå 2015 om den franske intellektuelle klassen fått tittelen Underkastelse.
Fransk intellektualisme
Mest nådelaus er Eribon mot det gamle kameravenstre, det som alltid låg til venstre, sett gjennom medias kameraaugo, før mange venstreorienterte omskapte seg til nykonservative statsintellektuelle, tenkte og snakka med språket til dei styrande, og uttalte seg på vegner av dei styrande. Eribon har sjølv arbeidd i dagsavisa Libération og vekebladet Nouvel Observateur, som begge blir skrekkeksempel på den nykonservative kontrarevolusjonen. I slike medier og i akademia blir det som er att av arbeidarklassen sabla ned av den nyliberale diskursen til den gamle venstresida. I staden skal oppgåva til den kritiske intellektuelle nå vera «å nøytralisere de negative affektene som er virksomme i samfunnskroppen og særlig i lavklassene».
Medan mora sleit og Didier ikkje ville vita av henne, sprang han sjølv rundt og var trotskist som skulle frigjera arbeidarklassen.
Etter fleire tiår utan kontakt med familien og «lavklassene», vender Eribon tilbake, sjølvsagt ikkje til noko så trivielt som ein stad, men til «det Genet ville kalt ‘jeg-landet’». Det er utgangspunktet for boka. Faren er død, med mor tar han opp att kontakten. Mora har mykje forvitneleg å fortelja. «Det oppsto et nytt bånd mellom oss. Noe ble reparert i meg. Jeg skjønte hvor tungt hun hadde tatt det at jeg holdt avstand. Jeg innså at det hadde vært vondt for henne.»
Det er knapt til å tru, men slik står det svart på kvitt. Dette er fransk intellektualisme på sitt mest avkledde. Etter å ha filosofert på høgt akademisk nivå i tjue år, har professor Didier Eribon med analytisk stringens tenkt seg fram til det forskingsresultatet at det er vondt for mor at han har avvist henne, at han har skamma seg over henne, at ho ikkje har vore fin nok.
«Men hvordan hadde det vært for meg, som var den som hadde valgt det? Hadde ikke jeg også hatt det vondt?» Ja, slik kan ein spørja, Eribon spør og svarar sjølv at også han har hatt det «vondt, men på en annen måte, i henhold til en freudiansk definisjon av ‘melankoli’, knyttet til den uoverkommelige sorgen over muligheter man har slått fra seg, identiteter man har skjøvet vekk?»
Samhandling og samspel
Med utgangspunkt i Bourdieus «vakre og sterke» formulering «kløyvd habitus» har professor Eribon med andre ord opplevd ei meir fornem smerte enn mor si, prega som hans, men ikkje hennar, smerte er av Lacans førestilling om «åpningen mot angsten». Berre i Frankrike kan det bli framstilt som ein titanisk intellektuell prestasjon å forstå at mor di er lei seg, når den vellykka sonen i mange år ikkje vil vita av henne fordi ho ikkje er fin nok.
Eribon følte ikkje skam over å ha fornekta mor si, men over at mor gjekk på jobb på fabrikk. Først mange år seinare demrar det for han «at hun dro på jobb for at jeg skulle kunne ta artium og begynne på universitetet». Foreldra har forsørga han heile tida. At han sjølv skulle vera med å bidra «slo meg imidlertid aldri den gang». Tvert om, medan mora sleit og Didier ikkje ville vita av henne, sprang han sjølv rundt og var trotskist som skulle frigjera arbeidarklassen. Når dei han kjende i arbeidarklassen vel hadde hjelpt han fram, stakk han av til Paris.
Småbrørne sine har han også brote all kontakt med, men er sikker på at dei støttar Front National, og altså er fortapte. Tanken på at han kunne vore med på å redda dei, ser aldri ut til å plaga han. Han har sagt både ideologisk og familiært farvel til arbeidarklassen. Men sosialisme er meir enn stemmer ved val, er meir enn politikk, mykje meir. I romanen 25. septemberplassen har Dag Solstad, om eg minnest rett, ei vakker skildring av den reaksjonære arbeidsmannen Egil Nyland, som ved val sikkert stemmer FrP og nok ville stemt Front National i Frankrike og dermed mot eigne interesser. Men når ein bil står og spinn på hålka utanfor, er Nyland den første til å riva seg laus frå tippekampen på TV-skjermen, som han elskar, for å storma ut og ta eit tak og gi den ukjende bilføraren ei hjelpande hand.
Ja, sosialisme er meir, er mykje meir enn politikk. Det er både spontane og nøye innøvde former for samhandling og samspel. I tillegg til Solstad har blant andre fotballtrenarar som Liverpools Bill Shankly og spelarar som Javier Zanetti frå Argentina og Milan, og David Villa (frå Sporting Gijón og det spanske landslaget) lært oss mykje om nettopp desse viktige kategoriane for oppvekst i «lavklassene».
Samtalens kategoriar
Hjem til Reims fortel oss mykje om den franske intellektuelle klassen, gjennom særtrekk som Noam Chomsky ofte har hudfletta i tallause intervju: Fransk intellektuelt liv har blitt omgjort til noko billig og overflatisk som liknar på Hollywood. Slik fører det frå ein absurditet til den neste – stalinisme, eksistensialisme, Derrida, Lacan – nokre av dei er obskøne (stalinismen), nokre rett og slett infantile og latterlege (Lacan, Derrida). Det som er slåande er likevel kor pompøse og viktige aktørane gjer seg sjølve på kvart nytt stadium.
I tillegg til å gi eit avslørande intellektuelt sjølvportrett frå den franske intelligentsiaen, fortel Hjem til Reims oss også at Frankrike er eit mykje meir nådelaust klassesamfunn enn det norske. I Frankrike er klassekampen på eit nivå der det borgarelege kulturelle hegemoniet knapt er utfordra, klasseforliket er tungt borgarleg og sentralistisk. I Norge har fenomenet som blei til Dei gule vestane lenge vore godt organisert, i bondelag, fagforeningar, mållag og sogelag, kvinnefrontar, pietistiske og frilynde ungdomslag. Ei veke blant «lavklassene», «arbeidermiseren» i Sauda, omgitt av «folkelig ordgyteri», gir grunn til å spørja om ikkje den samla styrken til motkulturane gjer det norske samfunnet meir sivilisert enn det franske.
Eit par månader etter at eg fekk vera med og gjenopna Folkets Hus i Sauda, talte eg på Henie-Onstad kunstsenter på Høvikodden i Bærum under opninga av Do not go gentle, den store retrospektive utstillinga med verk av målaren Håkon Bleken. Museumsdirektøren talte, fiolinisten Arve Tellefsen og pianisten Thormod Rønning Kvam spela Dvorak og Debussy, eg heldt opningstalen. Pene menneske i salen, på første benk blei det rasla diskré med juvelane til applaus.
Ei stor stund det også, slik Folkets Hus hadde vore det. Ikkje at det var eineståande på noko vis. Eg kjenner mange norske intellektuelle som gjer seg godt begge stader. Håkon Bleken var sjølv i Sauda for ein del år sidan og gjorde ein framifrå figur. I vårt samfunn er det ingen kunst å reisa att og fram mellom Folkets Hus i Sauda og det fremste avantgardemuseet i landet. Slik sett er det ikkje stort å skriva heim om. Alle hjarte gledar seg over at Édouard Louis aldri eigentleg sa farvel til Eddy Belleguele, og over at Didier Eribon etter tjue år endeleg fann vegen heim igjen til Reims. Det treng ikkje vera ein einvegsbillett, det går an å reisa til og frå, og finna vegen ikkje berre frå Paris til Hallencourt og til Reims, men også ta vegen attende til Paris, litt klokare, med saftige dialektord i språket.
© norske LMD
Kjartan Fløgstad er forfattar.
- 1Slik er den omtalt etter forteneste, til dømes av Nancy Isenberg, «Left Behind», New York Review of Books, juni–juli 2018; Maggie Doherty, «Get a Brazilian», London Review of Books, 13. septemper 2018. I Oslo-avisa Dagbladet fekk dette reaksjonære kampskriftet beste skussmål og seks på terningen. Sjå også Elizabeth Catte, What You Are Getting Wrong About Appalachia, Cleveland, Ohio 2018.
- 2Édouard Louis, «Chaque personne qui insultait un gilet jaune insultait mon père», Les Inrockuptibles, Paris, 4. desember 2018.
- 3Perry Anderson, «Different Speeds, Same Furies», London Review of Books, 19. juli 2018, og «Time Unfolded», London Review of Books, 2. august 2018.
Tre måneder med Le Monde
diplomatique for 99 kroner!
Papiravis og full digital tilgang
Fornyes til 199,- per kvartal